top of page
316584118_539624420922788_3097334156370212800_n.webp
Bryggerihuset_edited.jpg

Historien om Numedal Stasjons Bryggeri.

​

Eit nedlagt mjølkebruk og ein ditto togstasjon førte til det som i dag framstår som NSB, Numedal Stasjonsbryggeri. To ungdommar tenkte som så at eit mjølkeerom heime på garden kunne brukast som bryggeri. Det vart studert oppskrifter og framgangsmåtar og øl vart det, men drifta var nok både tungvin og lite effektiv.

    Så vart den nedlagde Rollag stasjon, nord for Kongsberg, teke i bruk som kafe og selskapslokale. Og tanken om og ønsket om eit betre lokale å brygge ølet i voks fram

    Under ventebua var det ein kjellar ingen visste om – den kunne vel brukast? Rom eigedom eigde stasjonane på Numedalsbanen. Dei såg at den beste måten å bevare stasjonen på var å ta den i bruk til noko, til eit bryggeri. Velvilje vart vist og ungdomane var optimistiske. Eit avansert anlegg for brygging med store gjæringskar vart kjøpt inn. Og eit enkelt anlegg for tapping og korking det same. 

    Til no hadde ikkje bryggeriet noko namn, men kreative sjeler fann på at det bør knytast til NSB sidan dette jo var ein jernbanestasjon. NSB – Numedal Stasjons Bryggeri. 

    Dei hadde fleire typer øl i sortimentet og kvar eitt av dei fekk namn etter ulike stasjonar på Numedalsbanen. Rødberg, Nore, Veggli, Rollag, Flesberg, Lampeland og Kongsberg. Logoen vart forma av symbol ein lett kjenner att frå Norske statsbaners, NSB si historie.

"Ting går på skinner med øl fra NSB!"

    Tusenvis av liter gjekk ut frå bryggeriet, gode omtaler og godord ga optimisme og vyer for vidare drift. Eit moderne og effektivt tappe/korkesystem er innkjøpt. Kapasiteten er auka voldsomt, på ein time kan ein no få ut over tusen flasker. 

    Stasjonen er ombygd slik det er best for bryggeriet. Klirring i flasker i ein automat er som musikk å rekne for den som legg øyret til. Her går edle dropar gjennom, og ut til eit ventande publikum. 

bottom of page